Seksuell trakassering og overgrep
Veileder for håndtering av saker som gjelder seksuell trakassering og overgrep
- Har du opplevd seksuell trakassering og/eller overgrep i idretten?
- Snakk om det med nokon du stolar på.
- Når du fortel om trakasseringa/overgrepet kan du få slutt på det. Det er også viktig at du seier i frå slik at denne personen ikkje får høve til å gjere det same med andre.
- Kontakt politi og/eller overgrepsmottak om du har blitt utsett for overgrep.
- Politiet: tlf 02800 / www.politi.no (Du kan be om å få snakke med nokon som arbeider med seksuelle overgrep).
- Overgrepsmottak: www.overgrepsmottak.net / www.dinutvei.no
- Du kan be nokon du stolar på om å bli med deg til politiet/overgrepsmottaket.
- Om du ikkje ønskjer eller tør å snakke med politiet/overgrepsmottaket er det andre som kan gje deg råd, til dømes:
- Helsesøster
- Fastlege
- Alarmtelefonen for barn og unge (tlf. 116 111) www.116111.no
- Landsdekkande telefon for incest- og seksuelt misbrukte (tlf 800 57 000) www.incest80057000.no
- Ved seksuelle overgrep har du rett til gratis møte med advokat før du avgjer om du vil melde til politiet. Les meir her: https://dinutvei.no/utsatt/251...
- Her kan du finne ein bistandsadvokat nær deg: https://www.domstol.no/globala...
- Sei i frå til idrettslaget ditt, kontakt styreleiar eller dagleg leiar.
- Viss du ikkje tør eller vil ta kontakt med idrettslaget, kan du kontakte ansvarleg rådgjevar i NIF: Håvard B. Øvregård, tlf: 91 77 31 57, e-post: havard.ovregard@idrettsforbundet.no
- Hjelp den som har opplevd trakassering/overgrep.
- Kontakt politiet dersom du veit eller er usikker på om det gjeld eit lovbrot
- Sei i frå til leiinga i idrettslaget
- Alle har etter lova (Straffelova §196) plikt til å melde frå til politiet dersom dette vil hindre nye overgrep. Les meir om denne plikta (avvergingsplikt) her
- Viss du ikkje tør/vil ta kontakt med idrettslaget, kan du kontakte ansvarleg rådgjevar i NIF: Håvard B. Øvregård, tlf: 91 77 31 57, e-post: havard.ovregard@idrettsforbundet.no
- Hjelp den som har opplevd trakassering/overgrep.
- Kontakt politiet dersom du veit eller er usikker på om det gjeld eit lovbrot.
- Kontakt idrettskrinsen i fylket for hjelp til handteringa i idrettslaget.
- Syt for at saka vert handtert i idrettslaget, sjå råd under.
- Seksuell trakassering er seksuell merksemd som er uønskt og plagsam for den det rammar.
- Det er opplevinga hjå den som vert utsett for handlinga, og ikkje intensjonen til den som utfører handlinga, som avgjer om det er seksuell trakassering.
- Seksuelle overgrep er seksuelle handlingar utførd mot nokon som ikkje gjev eller er i stand til å gje samtykke.
- Døme på straffbare handlingar er
- Valdtekt
- Berøring av kjønnsorgan og bryst
- Å ta, lagre eller formidle seksualisert bilete
- Seksualisert handling overfor barn under 16 år er i utgangspunktet alltid straffbart.
- Idrettslaget skal ta alle meldingar alvorleg.
- Meldingar om seksuell trakassering og overgrep skal handterast av leiinga (dagleg leiar / styreleiar) i hovudlaget.
- Ein trenar eller tillitsvald i idrettslaget som vert kontakta av nokon om ei slik sak skal straks ta dette vidare til dagleg leiar eller styreleiar.
- Om det gjeld overgrep mot myndig person skal ein sterkt oppmode personen om å sjølv melde saka til politiet, og gjerne tilby å bli med personen til politiet.
- Om det gjeld overgrep mot ein mindreårig skal ein informere føresette, og i samråd med desse melde saka til politiet
- Dersom ein mistenkjer at den/dei føresette sjølv har utført seksuelle overgrep mot den mindreårige bør ein ta kontakt direkte til politiet, eller kontakte barnevernet i kommunen.
- Det er avgjerande at slike saker vert handsama snarast råd.
- I saker som kan vere lovbrot skal ein kontakte politi med det same (same dag) på telefon 112 (akutt) eller 02800.
- Om ein er i tvil om kva ein skal gjere, skal ein kontakte politiet, legge fram saka og spørje dei om råd.
- Idrettslaget skal avklare si oppfølging av slike saker med politiet, for å ikkje øydelegge for politiets etterforsking.
- I andre saker skal leiinga handtere saka snarast råd, og seinast innan ei veke.
- Til dømes ved å utnemne saksansvarlege i styret og avtale møte med dei involverte.
- I saker som kan vere lovbrot skal ein kontakte politi med det same (same dag) på telefon 112 (akutt) eller 02800.
- Idrettslaget skal aldri hindre eller råde nokon frå å kontakte politiet.
- Kontakt idrettskrinsen i fylket for hjelp til handteringa i idrettslaget.
- Kontaktinformasjon til idrettskrinsane: www.idrettsforbundet.no/idrett...
- Det er hovudstyret i idrettslaget som handsamar og gjer vedtak i saka.
- Som i andre saker skal styrets medlemar vurdere sin habilitet[1], og dette bør kome fram av relevante protokollar.
- Alle saker skal følgjast opp, uavhengig av om saka vert handsama av politiet
- Dette gjeld både om nokon vert dømd i saka, eller om saka endar med frikjenning eller at saka blir lagt bort («henlagt»).
- Styret bør peike ut to personar i styret, helst ein av kvart kjønn, som er saksansvarlege.
- Medan saka er under handsaming av politi eller rettssystemet, skal idrettslaget;
- Saker som ikkje er politisaker, eller som er ferdig handsama av politi/rettssystemet, skal følgjast opp av hovudstyret ved dei saksansvarlege.
- Dei saksansvarlege bør halde separate møte med dei involverte, og vurdere om ein skal hente inn anna informasjon. På bakgrunn av dette lagar dei eit saksframlegg til styret.
- Idrettslaget er oppmoda om å kontakte idrettskrinsen for hjelp i slike saker.
- Kontaktinformasjon til idrettskrinsane: www.idrettsforbundet.no/idrett...
- Leiinga i idrettslaget skal alltid opprette ein sakslogg når ein tek i mot meldingar som gjeld seksuell trakassering eller overgrep. Her loggfører ein dei ulike hendingane i saka, med dato, tidspunkt og kva hendinga gjeld.
- Loggen kan vere i denne forma:
- [Dato] [Tidspunkt] X mottok telefon/e-post om saka frå person Y
- [Dato] [Tidspunkt] X snakka med dagleg leiar om saka
- [Dato] [Tidspunkt] Dagleg leiar snakka med person Y
- [Dato] [Tidspunkt] Dagleg leiar informerte styreleiar
- Unngå å skrive personopplysningar i loggen.
- Målet med loggen er å enkelt kunne gjere greie for sakshandsaminga i idrettslaget. Dette bidreg til ei ryddig sakshandsaming internt, men er også viktig dersom saka skulle vere alvorleg og seinare bli følgt opp av til dømes politi eller media.
- Logg og all saksinformasjon skal handsamast konfidensielt og av så få personar som mogeleg.
- Styret skal sikre at informasjon om saka ikkje blir formidla til andre enn dei som treng det for å handsame saka.
- I saker som kan gjelde lovbrot skal idrettslaget spørje politiet om råd før ein informerer andre i gruppa/idrettslaget, til dømes foreldre/føresette.
- Ryktespreiing og snakk gjer politiets etterforsking / idrettslaget si handsaming vanskelegare, og er ei ekstra belasting for dei menneska saka gjeld.
- Leiinga i idrettslaget skal ta vare på dei involverte, og legge til rette for at handteringa av saka ikkje fører til unødig påkjenning for desse.
- Idrettslaget har eit særleg ansvar for å ta vare på den/dei som kan ha opplevd trakassering eller overgrep, og legge til rette for at den/dei skal kunne halde fram i idrettslaget.
- Seksuell trakassering, overgrep, og brot på NIFs retningsliner mot seksuell trakassering kan sanksjonerast etter NIFs straffeføresegner («straffebestemmelser»).
- Dette inneber at eit idrettslag, eller eit anna organisasjonsledd i NIF, kan påtale forholdet til NIFs domsutval.
- Domsutvalet kan suspendere vedkomande i vente av endeleg avgjerd, og kan etter denne gje ein reaksjon som mellom anna kan omfatte utestenging frå all deltaking i norsk idrett.
- Når det vert vurdert å påtale eit forhold til NIFs domsutval, bør ein kontakte idrettskrinsen for nærare rettleiing.
- Om idrettslaget vil gje andre reaksjonar, bør ein kontakte idrettskrinsen for råd.
For meir informasjon, kontakt idrettskrinsen eller NIF sentralt
- Kontaktinformasjon til idrettskrinsane: www.idrettsforbundet.no/idrett...
- Ansvarleg rådgjevar i NIF: Håvard B. Øvregård, tlf: 91 77 31 57, e-post: havard.ovregard@idrettsforbundet.no